Fjell kystlag
For bevaring av kystkulturen


Over 25 års aktivt arbeid for vern av den gamle kystkulturen. Fjell kystlag
har teke vare på og restaurert tradisjonsrike bruksbåtar og naustmiljø.
Laget vart starta 23. mars 1983 av ein flokk idealistar som såg verdien
av den gamle kystkulturen vår, som den gongen var i raskt forfall.
I dag disponerar dei ca. 110 medlemene eit representativt utval av gamle
båtar og tre bygningar med lokalhistorisk sus...
Giertsennaustet og Buanaustet på Ågotnes og Smio i Sundet - den gamle
båtverkstaden på Storesund. Det staslege Giertsennaustet og den
innhaldsrike smia inngår i eit heilskapleg kulturmiljø - knytt til dagleg liv og
virke for vanlege menneske gjennom eit halvt hundreår - og kystlaget er
ein viktig møtestad for alle som er interesserte i kystkultur.Siste nytt:
Dory flyttet frå Tellnes til Ågotnes.
Onsdag 2. mai var eit arbeidslag frå Fjell Kystlag på plass på Tellnes
og satte Doryen frå Noreg på vannet. Kl. 23.30 same kveld var doryen
fortøyd på Ågotnes.
| Aktivitetar |
| Om Fjell kystlag |
| Båtane |